Tjelmeland blir Molde-trener – får ikke begynne før mai

Postet av Håvard Asker
Sist oppdatert 22.12.2025

Molde fotballklubb stadfestar at Sindre Tjelmeland (36) har signert trenarkontrakt, men tar truleg over først i mai.

NY TRENAR: Sindre Tjelmeland frå Etne skal trene MFK.

Sindre Tjelmeland skal ha takka ja til å bli den nye hovudtrenaren til MFK. Det stadfestar klubben i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Den siste tida skal Tjelmeland og MFK ha vore i samtaler om trenarjobben, som endeleg er landa.

Tjelmeland er for tida assistenttrenar for det polske laget Lech Poznan, og vil ta over i Molde seinast mai 2026, når den polske sesongen er over.

På pressekonferanse søndag kveld seier Tjelmeland at han ser veldig fram til å vere i Molde.

– Det har vore ein lang prosess, og med nokre andre som har vore involvert. Eg har brukt masse tid på å utfordre dei på om strategien er forankra og tydeleg, og det er han. Når dei i tillegg vel å stå med risikoen på at eg ikkje kjem før i mai, så viser det ein tydeleg langsiktigheit, seier Tjelmeland.

Frå venstre: Martin Falk og Sindre Tjelmeland blei presentert som nye trenarar i Molde.

Avtalen gjeld for tre år, med moglegheit for ytterlegare eit år.

– Eg er utruleg motivert og gira. Eg kjem til å reise rundt i Norges land for å treffe spelarar no i romjula, såframt dei vil ha besøk av meg, og eg ikkje forstyrrer julefreden for mykje, seier Tjelmeland.

Kilde: https://www.nrk.no